Aktivitetar

Fiske


Bilde av fiskar_kaia_k[1]Hustadnes Fjordhytter ligg ved fjorden og her er det verdt å prøve fiskelykka. Frå pirane kan ein fiske både sei, lyr, makrell osv. Det har vorte fange både havål og laks i frå pirane. Om ein vil kan ein leige båt og fiske på fjorden eller du kan fiske etter laks i Bondalselva.

Båt tur på fjorden

Ein båt tur på fjorden ein fineversdag er å anbefale! Der kan du nyte utsikta mot alle fjelltoppane i Hjørundfjorden.

Fjellturar


Bilde av slogen_stenes_yrke_lekneset_saeboe_k[1]Likar du å gå turar i fjellet er dette staden for deg. Her er eit mangfold av tindar som står klar til å bestigast. Her kan ein velge alt etter vanskegrad og ein finn mange spennande turar alt frå toppturar, klatreturar eller turar i ein av dalane. For meir informasjon sjå
Ålesund og Sunnmøre Turistforening.

Bondalseidet Skisenter

Bondalseidet Skisenter ligg 15 minutt i frå Hustadnes Fjordhytter. Hytte nr 6 kan ein leige heile året.

Jakt


For jaktinterresserte er dei i nærområdet mogleg å få kjøpe hjortevilt for felling i jaktsesongen. Jakt perioda er frå 10. September til 15. November.