Informasjon
Hustadnes Fjordhytter ligg ved Hjørundfjorden på Sunnmøre i Ørsta Kommune. Hyttene finn du på Hustadneset ved Sæbø og dei ligg idyllisk til heilt i strandkanten. Butikk, post, bensin og bank finn ein i Sæbø ca 1,5 km frå Hustadnes. Der finn ein også lakseelva Bondalselva.
På fjorden kan ein fiske og nyte den fine utsikta over Sunnmørsalpane.![]()
Biletet av Hustadneset med hyttene langs fjorden
Hustadnes Fjordhytter tilbyr hytter av god stand i ulike storleikar frå 4 til 8 personar. Ved hyttene finn ein to fiske pirar og vi har eiga båthamn med utleige båtar for fiske i den 400 m djupe Hjørundfjorden.
I Bondalselva kan ein fiske laks og aure.
Det er ikkje anledning til å ta med hund.
Fjellturar i dei mektige Sunnmørsalpane kan og anbefalast eller utflykte til Ålesund, fuglefjellet Runde, Trollstigen, Briksdalen, Norangsdalen eller Geirangerfjorden m.m.![]()
Biletet av fjorden og Hustadneset