 | Hustadnes Fjordhytter ligg ved Sæbø i Ørsta Kommune på Sunnmøre. Som ein ser av norgeskartet ligg det på Nord- vest landet. På neste kart er Sæbø merka av med pila og på det siste kartet ser ein Sæbø og vegen til Hustadneset. Hyttene ligg ved Hjørundfjorden som strekker seg 35 km innover Sunnmørsalpane. Nærmaste tettstad er Ørsta 27 km frå Sæbø. Her finn du både butikkar, bank, restauranter, rutebilstasjon med ekspressbussar til Oslo, Bergen og Trondheim, samt flyplassen Ørsta/Volda Lufthamn - Hovden. For å kome fram til oss kan ein fylgje E 39 til Ørsta og deretter fylgje skilting til Sæbø (Rv 655). Vi vil anbefale å ta turen gjennom Norangsdalen til Hellesylt der du vil få oppleve trolske sunnmørsfjell, Hotell Union Øye, Lyngstøylvatnet og eit lite stykke Norge. Hyttene ligg sentralt til med tanke på utflukter til Ålesund, Runde, Geiranger og Trollstigen. Reiseavstand med bil til: Ørsta | 25 min | Volda | 35 min | Ørsta/Volda Lufthamn | 30 min | Ålesund | 2 timar | Trondheim | ca 8 timar | Bergen | ca 7 timar | Oslo | ca 8 timar | Oslo Lufthamn Gardermoen | ca 7 timar |
|